Distrikt i Luxembourg
Utsjånad
Dei tre distrikta i Luxembourg var den øvste administrative inndelinga av Luxembourg. Distrikta var vidare delt inn i kantonar, som framleis finst i dag:
- Diekirch
- Diekirch
- Clervaux
- Redange
- Vianden
- Wiltz
- Grevenmacher
- Grevenmacher
- Echternach
- Remich
- Luxembourg
- Luxembourg
- Capellen
- Esch-sur-Alzette
- Mersch
Kantonane vart oppretta 24. februar 1843.[1] I 1857 vart distriktet Mersch danna ut frå kantonane Mersch og Redange.[2]. Dette fjerde distriktet vart avskaffa alt i 1867 då omstruktureringane som vart gjort ti år tidlegare vart tilbakeført.
Distrikta vart avskaffa den 3. oktober 2015.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Mémorial A, 1843, No. 17» (PDF). Service central de législation. Henta 11. august 2006.
- ↑ «Mémorial A, 1843, No. 16» (PDF). Service central de législation. Henta 11. august 2006.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Districts of Luxembourg» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2008.